Gjemnes kommune

Gjemnes kommune har ledig lærarstilling ved Angvik skule

Lærar til Angvik skule i 100 % fast stilling

Om kommunen

Gjemnes kommune ligg på Nordmøre, sentralt plassert midt mellom byane Kristiansund og Molde i Møre og Romsdal fylke. Gjemnes har omlag 2600 innbyggjarar og eit areal på omlag 381 km2. Kommunesenteret ligg på Batnfjordsøra.

Kommunen ligg i naturskjøne omgjevnader med rike moglegheiter for friluftsliv alle årstider.

Vi har eit godt og triveleg arbeidsmiljø, der verdibasert leiing bygd på lagånd, ansvarliggjering, lojalitet og brukarfokus ligg til grunn for verksemda.

Angvik skule er ein barneskule, 1. - 7. trinn, med omlag 40 elevar og 10 tilsette. Gjemnes kommune sin visjon for oppvekst er: «Vi lar flammen brenne!». Vi ønskjer å vere ein skule som bidreg til å gje elevane eit godt sjølvbilde, elevar som er trygge i samhandling med andre, elevar som er reflekterte med kompetanse og lyst til vidare utdanningsløp. Vi er del av Oppvekstnettverk Nordmøre. Opplæringsmålet er nynorsk. 

Vi har ledig ei 100% fast stilling som lærar frå 1.8.2024.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning i allmennfaga


Kvalifikasjonskrav for stillinga: 

  • Lærar som har godkjent lærarutdanning etter opplæringslova § 10-1
  • Andre søkjarar med relevant utdanning og/eller erfaring kan vurderast.


Personlege eigenskapar:

  • Du har eit positivt elevsyn og evne til å etablere, og halde på, relasjonar til elevane
  • Du er inkluderande, tydeleg og omsorgsfull, og har god klasseleiing
  • Du er utviklingsorientert og endringsvillig
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er engasjert og motivertilby
  • Du har gode digitale ferdigheiter
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Løn etter gjeldande regelverk
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Søknad:

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggje arbeidsforholda om du har behov for det. 

Etter søknadsfristens utløp, vil det bli satt opp ei offentleg søkjarliste som inneheld navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli offentleggjort. Søkjar vil då bli varsla om dette, jf. Offentleglove § 25.

Det er krav om godkjent politiattest for stillinga.

Velkommen som søker hos oss på Angvik skule!

 

 

Del på:

Referansenummer:

24/497

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltredelse:

01.08.2024

Arbeidssted:

Angvik

Kontaktpersoner:

Adresse:

Angvikvegen 53 6636 Angvik

Kart: